Strategi

Hovudmålet for Vestland fylkeskunstlag er å bidra til at flest mogleg i Vestland fylke får tilgang til profesjonell kunst

 

VFKL skal søke å nå dette ved å:

  • Støtte dei lokale kunstlaga i deira verksemd og arbeide for å styrke kunstformidlinga i Vestland fylke
  • Være bindeledd mellom dei einskilde kunstlaga i fylket
  • Medverke til større interesse og forståing for bildande kunst, kunsthandtverk og andre kunstarter
  • Medverke til at bildande kunst og kunsthandtverk vert nytta meir aktivt i lokalt og regionalt utviklingsarbeid
  • Støtte kunstlaga i deira faglige og økonomiske interesser i høve offentlege etatar og organisasjonar
  • Arbeide for auka ressursar til den publikumsstyrte kunstformidlinga innanfor fylket