Vedtekter

Vedtekter for Vestland fylkeskunstlag

§1 Namn

Organisasjonen sitt namn er Vestland fylkeskunstlag (VFKL). VFKL er ein fellesorganisasjon for kunstlaga i Vestland fylke. VFKL er tilslutta Norske Kunstforeninger (NKF).

 

§2 Føremål

VFKL skal bidra til at flest mogleg i Vestland fylke får tilgang til profesjonell kunst.

VFKL skal søke å nå dette ved å:

  • Støtte dei lokale kunstlaga i deira verksemd og arbeide for å styrke kunstformidlinga i Vestland fylke
  • Være bindeledd mellom dei einskilde kunstlaga i fylket
  • Medverke til større interesse og forståing for bildande kunst, kunsthandtverk og andre kunstarter
  • Medverke til at bildande kunst og kunsthandtverk vert nytta meir aktivt i lokalt og regionalt utviklingsarbeid
  • Støtte kunstlaga i deira faglige og økonomiske interesser i høve offentlege etatar og organisasjonar
  • Arbeide for auka ressursar til den publikumsstyrte kunstformidlinga innanfor fylket

 

§3 Medlemskap

Kunstlag og kunstforeninger i Vestland fylke som støtter VFKL sine føremål, kan vere medlemar. Lag som er medlemar i Norske Kunstforeninger, kan også vere medlemar i VFKL.

 

§4 Årsmøtet

Årsmøtet er VFKL sitt høgste organ og vert halde kvart år innan utgangen av mars. Styret kallar inn til årsmøte med tre vekers varsel. Innkallinga skal ha i seg:

  • Dagsorden
  • Årsmelding
  • Rekneskap
  • Innkomne framlegg
  • Budsjettframlegg
  • Saker som styret ynskjer å handsame

Saker som medlemane ynskjer at årsmøte skal handsame må vere kome til styret seinast ein månad før årsmøte finn stad. Framlegg som har kome inn seinare, kan laga ikkje krevje å få handsame.

Kvart kunstlag har 1 stemme på årsmøtet. Røysting skal gå føre seg skriftleg dersom ein representant krev det. Alle saker, unntatt dei som gjeld vedtektene § 7 og § 8, vert vedteke med vanleg fleirtal.

Dagsorden for årsmøte skal femne om:

  • Opning
  • Namneopprop, registrering av dei som har stemmerett
  • Godkjenning av innkalling og dagsorden
  • Val av møteleiar
  • Val av referent
  • Val av 2 representantar til å skrive under protokollen
  • Årsmelding
  • Revidert rekneskap for perioden 01.01 – 31.12
  • Innkomne framlegg
  • Budsjettframlegg for komande rekneskapsår
  • Val
    a) Leiar, vert vald for seg sjølv, for 2 år
    b) Fire styremedlemar og 2 vara
    c) Revisor
    d) Valkomité på to medlemar etter framlegg frå årsmøtet

Dersom det kjem framlegg på andre kandidatar enn dei valkomiteen har gjort framlegg om, skal valet gå føre seg skriftleg. Skiftesvis to og tre medlemar av styret og ein av vara er på val kvart år. Alle vert vald for 2 år.

 

§5 Ekstraordinært årsmøte

Ved behov for ekstraordinært årsmøte skal det kallast inn med minst to vekes varsel når styret eller minst 1/3 av medlemslaga skriftleg har kravd det. Dette møtet kan berre handsame dei saker som det vert kalla inn for.

 

§6 Styret

Styret vel sjølv nestleiar, sekretær og kasserar. Styret kan tilsette nødvendig arbeidshjelp til å ta seg av oppgåver som styret avgjer. Styremøte vert kalla inn av leiar. Styret er vedtaksfør når leiar eller nestleiar og minst 3 medlemar av styret er til stades. Ved lik stemmegjeving har leiar dobbeltstemme.

 

§7 Endring av vedtekter

Framlegg til endringar av vedtektene skal ligge føre for medlemslaga minst to månader før årsmøte. Endringane krev 2/3 fleirtal for å bli vedtekne.

 

§8 Oppløysing

Avgjerd om oppløysing av VFKL skal skje på same måte som endring av vedtekter. VFKL sine midlar skal, i tilfelle avgjerd om oppløysing, bli nytta til eit føremål som er i tråd med § 2 etter avgjerd på siste årsmøte.

 

Datert: 15.03.2022